mandag 27. desember 2010

Ein annan dans

Dansen på Cook Islands imponerte oss umåteleg for 11 år sidan. Kraftfull og vakker, dansen fortalde ei historie. Vakre jenter i alle aldrar med halve kokosneter oppe og eit bastkjørt nede, med hofterørsler som vi ikkje trudde var mogeleg. Ikkje rart at vi gutane var trollbunde. Men jentene fekk sitt òg: Kratfulle, sveitte mannskroppar som dansa sterke warrior-dansar, til dels i heftig samdans med jentene, tildels i dansar som i seg sjølv fortalde historia om kamp, fiske, kjærleik…

Vi møtte dansen overalt. Først på torgdagen på laurdag, der dansen og dei intense, medrivande trommene  alltid er eit fast innslag, men òg på utallige Island Nights på ulike utestadar og hotell der dansen var kombinert med lokal, tradisjonell mat bygd på lokale råvarer. Men òg på store framsyningar på skulane og i den store kulturhallen, framsyningar som vitna om at dansen er viktig for skulane. Reisehandboka Lonely Planet meiner Cook-dansen er den beste i Stillehavet, i heile Maoririket, som går frå Hawai på eine sidan til Fiji/Haiti og sør til New Zealand og med Cook-øyane i midten!

Den leiande dansegruppa for 11 år sidan heitte Orama, ei gruppe som drog verda rundt, og som  hadde ein klar ideologi. Orama betyr ”Visjon”, og visjonen er å ta vare på og spreie  kunnskapen om ein Cook Island-kultur, dans og musikk. Leiaren heitte Henry Williams for 11 år sidan, og det var ei glede å sjå at han står på framleis: Vi møtte Orama på Edgewater Hotell på sjølvaste juledag, på same staden der vi hadde vår største oppleving for 11 år sidan. 

Henry var med, sentral i trommegruppa og han hadde same bodskapen som sist: Det viktige i ta vare kulturen og dansen. Sist vi var her, gjekk han ut i lokalavisa og var bekymra for rekrutteringa til dansen. Det ser ut til å gå bra:  Det finst framleis mange, dyktige grupper, skulane er med, ungane er med. Store danseframsyningar er også viktige turistattraksjonar. Rekrutteringa er på plass. Det viste ikkje minst det sjarmerande møtet med dei yngste i Orama-gruppa på scena i går.
Vi har mistanke om at ei av dei kommande stjernene, med Williams til etternamn, og som vi har møtte fleire gonger på laurdagsmarknaden, høyrer til familien. Ho hadde eit strålande solonummer i går, og  ho har dansa fleire gonger på laurdagsmarknaden, bl.a. til musikk av den store lokale songstjerna nett no, Tara Kauvai, siste plata surrar heile tida på cd-spelaren vår. 

Vi har noko å strekke oss etter når det gjeld danse- og songkulturen. Folkedansen heime seglar vel ikkje akkurat med medvindsbølgja - det er mange år sidan BUL i Florø dansa for turistane som steig i land. Sjølv om folkedansemiljøet er betre lenger inne i fylket og det finst mange dyktige dansarar, er det langt fram til at vi kan mønstre fleire dyktige dansegrupper på våre kantar. Det hadde vore noko å ha når cruiseskipa legg til land... Tid for ein studietur til Cook-øyane nokken??

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar