fredag 24. desember 2010

White Christmas


Når vi stod berrføtte i sanden på stranda i kveld (lisjejulafta), det var 28 grader og lagunen låg uvanleg blank og spegla ein raud og utrulege vakker solnedgangshimmel, var det lite som minte om kvit jul. Det kvitaste er sanden vi står i.

Det er utruleg kor dominerande den nordeuropeisk/amerikanske juletradisjonen er. Det same såg vi også i Vietnam for fire år sidan. Eigenleg har jula vore ganske neddempa i den tida vi har vore her, langt frå det vi er vande til heimanfrå, og godt har det vore. Men etter kvart har meir og meir juleglitter kome fram i butikkane, dei største har juletre,  siste veka har òg julemusikken tona frå høgtalarane i nokre butikkar. 

Og det er dei same som i butikkane heime i Florø, ja, vi har riktig nok ikkje høyrt ”Det lyser i stille grender”, enno. Først no siste dagane har jula slått ut i full blomst, m.a. har damene i kassen på Foodland og Wigmor`s fått på seg nisselue, sjølvsagt med skinnkant for å halde ut kulden! 







Utanfor den katolske kyrkja er julekrybba på plass. Den står saman med veggen frå Jul i Parken, der du kan stikke hovudet inn og bli kasta på.





Eigaren syng med
Men i kveld blei det kvit jul. ”Shipwreck Bar” nede på stranda i Arorangi inviterte til levande musikk mellom halv fem og halv ni, og vi drog dit. Det er ein hyggeleg stad som vi har besøkt før. Litt glitter her òg, og juletreet stod pynta på plenen. Eit pinjetre med glitter, kuler og lys. Musikaren viste seg å vere ein slektning frå Hawaii, der urbefolkninga òg er maoriar, og det finst mykje felles innan den polynesiske kulturen og språket. Men elles bestod forsamlinga stort sett av kvite, godt tilårskomne turistar, mest frå det britiske samveldet. Fleire av dei såg ut til å ha halde seg mykje i denne og andre barar, og levde opp til namnet på baren.
Musikaren var dyktig. Litt spesielt vart det jo då ein av tilhøyrarane jamma med på sekkepipe! Då ulte ein av strandhundane som elles ikkje gir lyd frå seg. Men når Hawaii-amerikanar-maorien slo til med med ”White Christmas”, steig stemninga til himmels. Då song alle med av full hals, då var julestemninga komplett! Sjeldan har vi opplevt noko meir malplassert, men det var ikkje akkurat lokalbefolkninga som var med på denne julefesten. 
 

2 kommentarer:

  1. En riktig god jul fra Grethe og Jan. Her er det skikkelig hvit jul, kaldt og fint. Pinnekjøttduft i huset, på alle måter "same procedure as last year" i motsetning til dere. Kos dere i Stillehavet, her hjemme har vi full kontroll.

    SvarSlett
  2. Hei!

    Pinnekjøtet, aquavitten og det lokale ølet smakte som vanleg godt. Pakkane er fordelt og vi skal snart på Neset for å ete dessert m.m. Gradestokken syner minus 12 men vi fyrer med det gamle kjellargolvet og held heten. Vi tenkjer på den kvite sanden når vi labbar oss av stad i halvmeteren med snø. Snakka med Rakel på telefonen tidlegare i kveld og ho var ved godt mot tross alt!

    Eg ynskjer doke ei fin feiring av jula og gode dagar i romjula! Med helsing fra Roald og Halvar i Jølster.

    SvarSlett