tirsdag 21. desember 2010

REGN

Når det regnar på desse kantar, så regnar det skikkeleg. Vi kan hugse enkelte sommardagar heime, varme og lumre dagar der heten bygger seg opp ut over ettermiddagen, og brått er himmelen svart og regnet auser ned og tora slår. Då låg ein dårleg an dersom ein hadde ein stor kverv med tørrhøy liggande ute (vi snakkar no om ”gamle dagar”). Etter ei stund var liksom lufta klara opp, og godveret kom tilbake. Den slags flovèr har vi ofte her. Og på dei regnmengdene som då kjem ned, er bildet med ”himmelens sluser som opnar seg”, svært treffande. Å springe ut i badebuksa eller  kva ein no måtte ha på seg i slikt ver, er berre herleg.

Men regnet dei to siste døgna har vore meir stadig. Det har ausa ned i to netter og nesten to dagar. Her er det ikkje snakk om millimeter, heller meter (no ja..). Regnet hamrar mot taket, og eigenleg gjev det berre ei god innestemning så lenge vi ligg tørt. Og så kan vi glede oss med alle bønder og hageeigarar som sanneleg kan trenge litt regn, for ikkje å snakke om dei som har lite vatn i springen (at vi har same problem heime i Florø nett no, skuldast ikkje tørken!). Men den norske familien vi møtte i Avarua i dag såg ikkje fullt så lyst på det, særleg jentene i 10-12-årsalderen. Dei kom hit måndagsmorgonen og dette var liksom ”sydendelen” av ferien deira før dei drog vidare til New Zealand. Dei har ei knapp veke her på øya, og dei hadde vore inne på Yr, og der var det berre regnvarsel. Vi kunne trøyste dei med at i lokalavisa, Cook Island News, var det lova fint ver frå torsdag. Begge vervarslarane har stort sett tatt like mykje feil så langt, men i kveld kunne vi igjen ta kaffien på stranda, i selskap med tre av dei lokale strandhundane…

I følgje statistikken har desember (+ jan og febr) mest regnversdagar gjennom året. Så langt har vi vore kjempeheldige og kan vere redde for at vi har brukt opp solskinsdagane.
Veret kan vi altså eigenleg ikkje klage over.

No har vi leigd oss ein bil, ein liten Nissan-modell og kan putre rundt utan å bli våte. Vi bidrar på den måten til biltettheita på Rarotonga, som truleg må vere mellom den største  i verda, så mykje bilar og så flotte bilar og så store bilar på ei øy der hovudvegen er 32 km og maxfarten 50 km… Det er banken som eig bilane, seier vår venn Tom.
Vi tar det med ro. I hagen heng vasken til Matina på 4.dagen, og den har blitt bra skylt nokre gonger no, men ingen har bråhast med å få han inn om han rekk å tørke mellom regnskylla. Matina held oss med reine laken og tørkehandkle, og ho forhastar seg aldri.

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar