tirsdag 7. desember 2010

Kulturisme

Det går ein debatt på Rarotonga om kort mykje turisme øya tåler. Miljøvernarar vil no ha ei null-utbygging av nye overnattingsstader, mens den nye turistministeren kan strekke seg at tal turistar ikkje skal auke frå 100 til 200 000 pr år, men kanskje berre til 150 000 dei næraste åra. For eit land som lever nesten berre på turismen, så er dette ikkje noko enkel sak – ein bodskap om nullvekst er i alle fall ikkje lett å selje overfor alle dei som lever av turismen, og som satsar sterkt på nyanlegg.
Når turismen betyr så mykje, så kan det sjølvsagt lett bli slik at alt er til sals, og identitet og nasjonal eigenart blir utsletta. Mykje har sikkert gått tapt. Ein kar eg prata med sist vi var her, meinte av innbyggarane her ikkje lenger var så hyggelege og hjelpsomme, og det skuldast turistane. No er folk framleis hjelpsomme, men dette er meir profesjonelt – som turistvertar.
Som turistar er vi veldig opptatt av det autentiske, helst vil vi vere åleine turistar. Men slik er det no ein gong ikkje, og vi er glade for at vi kjem til eit godt fungerande samfunn med god service og profesjonell behandling.


Det som imponerer meg, det er korleis Cook Islands brukar kulturtradisjonane og historia si som ei hovudsatsing i turismen. Øyane her har ein song- og dansetradisjon som er utan like, ”Kanskje den beste dansen i heile Polynesia”, skriv Lonely Planet. Kvar veke er det mange framsyningar med ulike store dansegrupper rundt om på hotell og turistanlegg, til dels som ”spel” bygde på historia, slik vi opplevde det på Te Vara Nui Village. Der fekk vi ein heil ettermiddag grundig og humoristisk innføring i historia, tradisjonelt fiske og handverk, bruk av plantevekstar til medisinsk ag anna bruk, før vi enda opp med eit måltid med lokal tradisjonsmat og eit forrykande danseshow, eit Kinnaspel i dans og musikk. Dette framfører dei 3 gonger for veka. Og så er det alle dei andre danseframsyningane. 

Og songen er eineståande, enten vi høyrer han i kyrkja, i dansesamanheng eller som i det lokale Idol. På den store laurdagsmarknaden, som viser fram m.a. tradisjonell kleshandverk og mat, var det som vanleg masse musikk og dans frå scena. Denne gongen var dei ung jente som presenterte musik frå siste cd-en sin, imponerande bra, og ho hadde med to unge dansarar i presentasjonen, nydeleg koreografert. Eg var som vanleg lett å røre…  

1 kommentar:

  1. -Viktig debatt - vanskeleg for mange, meg inkludert!

    Kos doke - vi/eg er berre litt missunneleg!

    HalvarH

    SvarSlett