tirsdag 14. desember 2010

Trader Jack`s

Det regnar på Rarotonga òg. Ganske heftig innimellom. Regnet styrtar ned og bya blir berre kraftigare og kraftigare. Det fell fleire millimeter i løpet av 5 minutt enn eit vestlandske regnver kan håpe på å få til på ein time. Men det er eit varmt regnver, og eit godversregn slik vi av og til kan oppleve det heime ein toreversdag på sommaren.
Siste døgnet har det falle mykje regn. Meir uthaldande enn vi kan ønskje, men til glede for bønder og blomsterdyrkarar. Då kan vi ta bussen til hovudstaden Avarua og gå på førjulssal  på byens fremste perlehus, Beach Comber, og elles gjere nødtørftige innkjøp. Tone tok seg av perlene (som likevel ikkje var på sal), eg tok meg av anna innkjøp, men utanom Foodland, var alle butikkane stengde halvfem. Då var Trader Jack`s eit naturleg mål. Eit godt mål ”whether you’re after a cool beer or a supersize seafood platter” /Lonely planet. Trader Jack`s har klart det kunststykket å bli ein plass der du kan få dei beste fiskemåltid du kan tenke deg. Men samtidig er det ein plass der mange gjerne går berre  ut ein kveld for å drikke i godt lag frå tidleg ettermiddag til sein kveld. Traders Jack’s kjem du ikkje utanom dersom du vil vere ute i Avarua (det betyr ikkje at det er einaste utestaden. Rarotonga har ei utruleg mengde drikke- og matstader på eit svært høgt nivå.)
Ein måndagsettermiddag er alt ein del av stamgjestane på plass i femtida. ”Uteseglarar” får sin lokale Cooks Lager, sin gin eller sin rom& cola, mange ekvivalentar (klippekort på 10 når du kjem, er det ikkje uvanleg å kjøpe). Stamgjestane er fastbuande, ofte opphavleg frå New Zealand eller Australia og lokalt gift, i pensjonsalder, og kva er då meir naturleg enn å gå ut i den evige sommaren å ta nokre ”ekvivalentar” i lag med gode kameratar. Eg kjenner eit lag som møtest kvar tysdag i Florø, desse her møtest vel gjerne kvar kveld.  Ramma er der i alle fall på Trader Jack`s, ein restaurant/bar med eit utruleg triveleg miljø, der turistane sjølvsagt er mange og utgjer hovudtyngda av gjestane.
Vi hugsar den som ein viktige møteplass for 11 år sidan og, m.a. var det der vi fekk servert seaweed (eigenleg ”sjøgras” importert frå the outher islands) i baren som snacks til drinken. Salt. Sidan 1986 har staden eksistert og har overlevd ein syklon i 2005 trass i at han ligg heilt i sjøkanten. Skulle Trader Jack`s bli borte i Avarua, ville det vere 5 gonger tapet av Kakebua, trur eg…

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar