fredag 3. desember 2010

Snorkling

Vi vann eit halvt døgn på vegen hit. Mens vi sit i fredagskvelden på terrassen, med litt godt i glasa, lett forbrende, i 6 tida etter ein dag på stranda, sola skin enno og gjev god varme, og den kvite sanden ligg rett nedanfor på stranda ”vår”, som går kilometervis i begge retningar, og vatnet held rundt 25 grader på jamna, så er de der heime iferd med å vakne til ein laurdag med nye kuldegrader, frosne vassrøyr og eg veit ikkje ka…
Jau takk, vi har det bra. I dag gjekk vi ein kilometer mot aust (vi bur i Titikaveka, om nokon vil inn på kartet), til ein beskjeden serveringsplass som heiter ”Fruits of Rarotonga”, som er best kjend fordi det rett utanfor er ein  av dei beste snorklestadane på Rarotonga. Vi fekk på oss maskene og snorklane og la utpå, og då måtte vi ikkje så lang ut i lagunen før vi var midt oppe i eventyret. Fiskar i alle fargar, mønster og fasongar – vi symde rett opp i dei, og dei veik knapt unna når vi kom. Du ville ikkje finne fleire tropefiskar i kva akvarium du er innom, og her symde vi rett oppi dei, og såg alle på ein gong! Vi har prøvd å snorkle andre stader i verda, men du finn ikkje maken! Treng du ein grunn til å komme til Rarotonga, så er dette ein av dei.
For det er av oss Rarotonga lever. Dette paradisiske øysamfunnet er blitt fullstending avhengig av turismen, og då går mykje tapt. Det skriv den danske forfattaren Carsten Jensen om i boka eg  les: ”Jeg har hørt et stjerneskudd”, ei fantastisk bok. Han feller ein knusande dom over Rarotonga. Men han ser ikkje at turismen gjev det økonomiske grunnlaget for eit stabilt, velfungerande velferdssamfunn som det ikkje finst for mange av på denne kanten av verda, og under ligg ei historie og ein kultur som lever og blir dyrka. Eg sluttar ikkje å bli imponert over dette landet…

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar