torsdag 30. desember 2010

Tru

Like ved huset vårt ligg hovudsenteret for 7.dagsadventistane på øya, eit stor område med mange hus og vide flater. Dei siste dagane har medlemmane i kyrkja jobba hardt med det som viste seg å skulle bli ein speidarleir for barn og ungdom innan kyrkja frå heile Stillehavsområdet, 900 ungdomar i alt.



Ikkje noko lite arrangement for ein kyrkjelyd som trass alt ikkje kan telje så veldig mange, Men folk på øya er vande med å stille opp med dugnadsinnsats for kyrkjene sine, slik dei er i mange andre samanhengar. Her vart det laga byggverk på land og langt ut i sjøen, provisoriske toalett, telt er sett opp i campar med gamle bibelske namn, og dei sit som vakter heile tida leiren varer, natt og dag. I dag var det dagen for samfunnsinnsats og Tone vart m.a. oppsøkt i huset av ein flokk ungdommar frå Tahiti, som song oppbyggelege songar på engelsk og fransk, og ho vart bedd for. Dette er sjølvsagt ei storhending for dei som er med, og det er betydelege reiseavstandar i dette havet!
Den engelske misjonæren og presten John Williams gjorde ein grundig jobb då han kristna Rarotonga og resten av øyane i Cook Islands. Han gjorde eit strategisk giftarmål med dottera til ein av dei mektigaste høvdingane på sørsida av øya, og dermed fekk han så mykje makt at han òg fekk heile befolkninga til å flytte frå det grøderike innlandet og ut til kysten, der prestane kunne halde meir kontroll med dei! Folk vart påkledde lite komfortable klede i den evige sommaren, og han forbaud den syndige, erotisk lada dansen. Etter kvart kom misjonærar for dei fleste kyrkjesamfunn hit, og fann ei grøderik mark også for sin bodskap, og folket er ”overveldande kristne”, som reiseboka Lonely Planet skriv. På øya bur under 10 000 menneske. Den ”offisielle” anglikanske kyrkja , CICC har 5 kyrkjer rundt øya(!), den katolske kyrkja (3 kyrkjer!), det er mormonarkyrkje, pinsekyrkja – og i går fekk eg besøk av ei hyggeleg dame frå Jehovas Vitne, som òg har ei stort, flott kyrkje, og endå finst det fleire. Vi veit at eit norsk par frå Stavangerkanten er viktige i den lokale Bahai-kyrkja nett no! Og Pa har vel sin Buddhist ”kyrkjelyd”. Det er oppretta tre nye kyrkjer siste året, i New Age-bølgen.
Folka her er vel som syndarar flest, dei drikk seg fulle på fredagen, mange snyt sikkert på skatten og er ikkje alltid like greie. Men når dei er samla til fest, til eit viktig møte, skal ut på ein tur med turleiar i skogen, eller har årsmøte i sportsklubben, så startar dei med andakt, og alle bøyer hovudet og deltar like inderleg. Eg vart fast kyrkjegjengar sist eg var her, og har teke oppatt tradisjonen. Titikaveka-kyrkja er framleis mi kyrkje, sidan ho ligg berre 5 minuttar unna. Og gudstenesta der er vel ikkje så mykje meir spennande enn vi kan oppleve det heime, heller kjedelegare i lange stunder. Det kan sjølvsagt henge saman med at eg ikkje er særleg sterk i maori. Dei faste kyrkjegjengarane her òg er godt over gjennomsnittet i alder, men når dei kjem til kyrkjesongen, så er det fest.
Folket må vere ganske grunnleggande musikalske, og når dei syng dei gospelliknade songane på engelsk, fleire kjenner vi, tonar dei kraftig og naturlege inn med fleire stemmer. Men misjonæren Williams gjorde ein lur ting til: Han brukte den gamle songtradisjonen og bakte inn bodskapen i den. Kraftig, fleirstemt song med uvanleg tonegang, men likevel harmonisk, og der det høyrest ut som kappsynging mellom kvinnene og mennene. Det fekk vi oppleve spesielt sterkt på 1.juledag, der kyrkja var uvanleg fullsett, og der kyrkjelyden grupperte seg på høgre og venstre side av kyrkja, til dels likt kledde. Og då vart det kappsynging.


Dei to grupperingane hadde tydelegvis øvd dette inn på førehand, og når dei var i gang, gjorde dei to grupperingane til dels litt narr av kvarandre, men gav òg kvarandre varm applaus. Då vart det skikkeleg fart og engasjement, presten slutta seg til eine gruppa, som m.a. hadde ”rock me, baby” som ein del av ”refrenget”. Men hi gruppa tok kaka i engasjement, der damene til slutt stod på kyrkjebenkene og svinga på både hofter og armer!
Det viser breidde i det kyrkjelege engasjementet, der den rocka musikken er ein naturleg del av kyrkjesamfunna. Derfor var oppladinga på julafta ein stor folkeleg fest med aktiviteter for barn og tøffe, ungdommelege innslag i kyrkjeparken.

Og ein ting tapte misjonærane: Den eggande, kraftfulle, sensuelle dansen overlevde! Ein periode måtte dansarane kle på seg sømmeleg med bastskjørta opp forbi navelen og lange mørke bukser under for mennene, slik vi fekk dansen presentert på ei ny flott danseframsyning i går. Men etter at flyplassen kom i 1974, er den tradisjonelle sensuelle påkledninga også henta fram att.

3 kommentarer:

  1. Hei Edvin og Tone, eg er vel tilbake frå ei triveleg julefeiring på Madeira. Dei kan det med lys i gatene og mykje pynt. Veslejulafta var alle på byen og helste på naboen go drak vin og spiste hamburger med svinekjøtt kokt i kvitlauk og vin. Nam nam. Her er det regntungt og storm på vei som skal ta oss inn i det nye året, men de går vel bra denne gongen og. Ha eit riktig god nyttårsfeiring og godt nytt år. Helsing Ingvar

    SvarSlett
  2. Ei nyttårshelsing frå dei vantru Grethe og Jan. Takk for det gamle året. Vonar det nye blir like bra. velkomen heim att.

    SvarSlett
  3. Etter siste oppteljing er det 37 kyrkjer på Rarotonga

    SvarSlett